Osafestivalen 2016

Arrangementsinformasjon
Default hekla1


VELKOMEN TIL OSAFESTIVALEN

Osafestivalen vert skipa til for 26. gong i dagane 28.- 30. oktober 2016.

Gå inn på heimesida vår for program og info:
www.osafestivalen.no 


INFO BILLETTAR

FESTIVALPASS Gjeld alle arrangement under festivalen dersom ledig kapasitet, med unntak av kurs, seminar, ”Mat, musikk & vin” og filmframsyninga i Voss Kino. Du må i tillegg kjøpa plassbillett til opningskonserten i Osasalen for å vere sikra plass (sjå under).

DAGSPASS Gjeld alle arrangement under festivalen den aktuelle dagen dersom ledig kapasitet, med unntak av kurs, seminar, ”Mat, musikk & vin” og filmframsyninga i Voss Kino. Du må i tillegg kjøpa plassbillett til opningskonserten i Osasalen for å vere sikra plass (sjå under).

HUSKORT Gjeld alle konsertane i Gamlekinoen fredag kveld (Klubbkvelden). Det er ikkje mogleg å kjøpa enkeltbillett til kvar einskild konsert.

ENKELTBILETT Gjeld for den aktuelle konserten. Enkeltbillett gjeld også som plassbillett, og garanterer plass fram til 10 min. før konsertstart.

PLASSBILLETTAR Til opningskonserten i Osasalen fredag må gjester med festivalpass eller dagspass kjøpe unummerert plassbillett for å vera sikra plass. Plassbilletten garanterer plass fram til 10 min. før konsertstart.

NB: Billettar/påmelding til Mat, musikk & vin vil berre gå gjennom Park Hotel via telefon 56 53 10 00 eller epost til resepsjon@parkvoss.no. Billettar til OsaKino vert berre selt via Voss Kino sine kanalar. 

NB 2: Det vert berre seld huskort til arrangementet "Klubbkveld" i Gamlekinoen; altså ikkje einskildsbillettar til den enkelte konsert. 


osafestivalen
osasalen
gamlekinoen
voss
folkemusikk
trebrørcafe
vangskyrkja
heklastålstrenga

Restriksjoner

Born under 15 år gratis (gjeld ikkje fredagskvelden i Gamlekinoen og familiekonserten).
18-års aldersgrense i Gamlekinoen fredag kveld - personar under 18 år må gå i fylgje med godkjent verge. Vergepapir må medbringast.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøte billettar vert ikkje refundert. Med atterhald om trykkfeil og endringa i programmet.